Historie

Historien bak Villmark Impregnering: Jon Ola Bergaplass er gründeren av Villmark og forteller historien bak impregneringsproduktene:

Frå ei fjellbygd i Hallingdal.

«Eg kjem frå ein småbrukarfamilie i fjellbygda Vats, Ål i Hallingdal. Stølsdrift, jakt, fangst og fiske har min familie drive med som alle andre i bygda. Det å vera ute i all slags ver til alle årstider har vore ein føresetnad for å kunne bu og leva i Vats. Både nede i bygda og oppe på snaufjellet.  Det å vele (reparere) å ta vare på kle og sko var ikkje noko ein gjorde for moro skuld. Det var viktig. I min familie har det mellom anna vore skomakerar.  Dette å saume kle gjorde jo «alle» som ein del av hushaldet. Det er lett å gløyme at dette var dagleglivet for 2 generasjonar sidan.

Historie om speiding og ta vare på det ein har.

På midten av 1930-talet var far min mellom dei fysste som var med å starte opp speidaraktivitet i Ål. Denne arven tok eg opp då eg fekk barn i passande alder frå ca. 1990. Då eg engasjerte meg i speidaren såg eg fort at det å kunne vera ute til fjells med ungar handlar mykje om att ungane kunne halda seg tørre og varme. Dette gjeld ikkje minst om veten (vinteren). Langt frå alle har råd til å kjøpe dei dyraste og mest avanserte pustande og vasstette kle til veksande barn. Det vart viktig å gjera haust- og vinterspeiding til ei god oppleving. Dette å gje mestrings-kjensle, lære å kle seg rett og nytte det ein har, vart viktig – ja naudsynt. Eg vart fort oppteke av at alle speidarane skulle ha heile og godt impregnerte kle og sko.

Lang prosess med testing og utvikling.

Frå 1995 byrja eg med å teste ulike midlar med hjelp frå SINTEF, Norsk Tekoinstitutt. Og etterkvart jobba med saman med mellom andre Norrøna Sport. I løpet av ca. 5 år utvikla me basis for det produktsortimentet Villmark har dag. Og me jobbar sjølvsagt kontinuerleg med å vidareutvikle. Dei siste åra har me også laga impregnering som vert solgt under Norrøna sitt varemerke, men med merking av Villmark som produsent. Det er vel ikkje så mange som er usamd i at miljø-utfordringane vil krevja stor omstilling også i sports-, tekstil-, og skobransjen. Me må forvente auka fokus på å redusera «bruk og kast». Det å ta vare på det ein har, ved mellom anna å handsama og impregnere med miljøvenlege virkemidlar, trur eg blir veldig viktig framover. Eg ynskjer at Villmark kan spela ei rolle her.»

X
0
    0
    Min handlekurv
    Handlekurven din er tomTilbake til nettbutikken
      Calculate Shipping